Johanne Therese har altså overlatt brukernamm og passord slik at eg kan legga ut nokon ord her på bloggen. Me får sjå kor lurt det var…
Hovudet fylles med kjensler medan oppdateringane ramlar inn fra støvellandet i sør. Johanne Therese gjer kanskje sitt livs beste ritt. I dag er det laurdag og ho har nettopp fullført nok ein etappe, den nest sist i årets ritt. Det betyr at når ho legg seg i kveld så er ho seksten bittesmå og koselege kilometer frå å fullføre Giro d´Italia feminine!
Dei av dykk som vil veta meir om kva ho er i ferd med å fullføra kan sjekke ut cyclingnews.com. Det ho har vært gjennom no et nordsjørittet til frokost, nm til kvelds og orker ikkje ein gong sjå på trondheim-oslo. Ho har hatt målgang frå 0 til 2000 moh og kjørt meir enn det remmer og tøyler kan tåle nedover fjellsidene.
Så kva tenker me her heime? Eg trur dei fleste av oss er fylt av respekt for det Johanne Therese er i ferd med å gjera. Ho reiste ned med ein kropp og ei hjerne som eigentlig ropte etter ferie, men klarte på mesterlig vis snu dette, og har gjort jobben sin dag etter dag. Me merka det på oppdateringane dei første dagane fra Italia, «Sese» var tent og klar for dyst.
Nokre av oss kjenner kanskje òg på frykt. Frykt for at noko fælt skal skje, frykt for stupbratte utforkjøringer, hodeløse motorsyklister og ein haug slitne utøvere. Med tanke på kva som skjedde i årets Giro for menn har det vært ei lette kvar gong me har fått melding; «eg er i mål». Verst var det kanskje den dagen då Sese faktisk gjekk i bakken og me ikkje visste kor gale det var. Heldigvis stogga det ikkje jernjenta frå Lyngbakken.
Heilt ærlig, eg kjenner på litt misunning. Eg skulle så gjerne gjort det sjølv. Fullført eit etapperitt av den storleiken. Så utruleg heldig ho er. Ho som får starte kvar dag med ein nokså knirkefri sykkel, medan eg dreg meg inn til jobb på ein cyclocross som ikkje treng bjelle fordi alle høyrer når den kjem uansett. Ho som får sove litt lenger på morgenen, medan eg står opp før bøndene for å rekke arbeid. Ho som får sykla nye etapper kvar dag, medan det einaste som minner om etapper hjå meg er at eg skal gjere akkurat det samme i morgon òg, resten av livet!
Hovudet fylles med kjensler når oppdateringane kjem frå støvellandet i sør; frykt, redsel, glede, respekt og litt misunnelse, men først og fremst er me stolte!
Gratulerer med vel gjennomført ritt Johanne Therese, Sese, Tutta!
Njuten